Nisser på langs med M/S Fram (Vrådal – Treungen)
31. juli kl 10:00 – 22:00

M/S Fram segler «Nisser på langs» fredag 10., 24. og 31. juli.
Opplev nydeleg innlandsskjergard, glattskurte fjellsider og glitrande vatn på Telemarks største innsjø – Nisser. Båtturen «Nisser på langs» går frå Vrådal til Treungen og tilbake. Avgang kl. 12.00 frå Straand Brygge nedanfor Straand Hotel, og framkomst Treungen kl. 15.30. Så blir det avgang frå Treungen igjen kl. 18.15 og framkomst Vrådal på kvelden kl. 21.45. På vegen køyrer M/S Fram innom Vik camping og Prestegardsbrygga/Kyrkjebygda i Nissedal.
MUSIKALSK CRUISE! Fredagane 10. og 24. juli er det klart for konsert om bord på M/S Fram! Då spelar duoen Marie (13 år) og Peter (15) frå Nissedal. Dei er lokale talent frå Nissedal kulturskole og skal underhalde med fine pop- og countrylåtar. Det musikalske cruiset er frå kl. 16–18 med avgang og framkomst i Treungen. Pris: kr 250,- per pers.
OBS. Fredag 31. juli er det avgang kl. 10.00 frå Vrådal grunna Treungenfestivalen.
Den 31. juli i Treungen kan du velje om du vil vere igjen i sentrum eller bli med på eit festivalcruise med Treungenfestivalen. Avgang og framkomst er i Treungen. Meir info om artistar kjem!
Festivalcruise nr. 1 kl. 14.00–16.00
Festivalcruise nr. 2 kl. 16.00–18.00.
BOOK BILLETT og sjå meir info om rutetider og prisar her:
https://ms-fram.no/rutetider/
