Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

Rune Sanden Band

28. juni kl 20:00 23:00

Rune Sanden Band speler på Kviteseid Brygge lørdag 28. juni.

Rune Sanden Band
Rune Sanden Band

Telemarksrocken er tilbake når Rune Sanden Band inntek Kviteseid Brygge. Etter ei stille stund i hi er Telemarksrocken endeleg tilbake – og det med fullt trøkk. Rune Sanden Band er klare for å innta scenen på Kviteseid Brygge, og det ligg an til ein kveld fylt med energi, sterke melodiar og ekte speleglede. Bandet kickstarta comebacket med ein heidundrande kveld på ein fullsett Parkbiografen, og no er det Kviteseid som står for tur. Med ein særs produktiv låtskrivar i front – som mange vil kjenne att frå solide soloeventyr – og eit band fullt av speleglade musikarar, er forventningane høge. Rune Sanden Band har gjort seg godt bemerka i Telemark gjennom åra. Med ikkje mindre enn ti konsertar på Treungenfestivalen og som hyppige gjestar på Viser ved kanalen har dei sett solide spor etter seg. Dei som har fulgt bandet ei stund, vil hugse livlege og uforgløymelege kveldar – og no er det duka for nye musikkminne ved bryggekanten i Kviteseid.

Sjangermessig kan publikum vente seg gitarbasert pop og rock med drag av folketonar – og alt med norske tekstar. Dette vert ein sommarkveld du ikkje vil gå glipp av – med ekte Telemarksrock, lune tekstar og ein scene full av speleglede. Vel møtt!

kr200 per pers.
Skroll til toppen