SOMMERHYGGE: M/S Victoria kommer inn til Kviteseid brygge. Foto: Styrk Fjærtoft
SOMMARHYGGE: M/S Victoria kjem inn til Kviteseid brygge. Foto: Styrk Fjærtoft

Sommar i Kviteseid

Velkomen til tre naturskjønne bygder som ligg idyllisk til mellom vatn, elvar, skog og fjell i Kviteseid kommune. Her er det flott om sommaren når åsar og dalar kles i eit teppe av grønt gras og markblomster så langt auget kan sjå. Her finn du eit rikt utval av severdigheiter og handel. Det er òg mange overnattingsmoglegheiter frå camping, bobil eller på finare hotell.

Kviteseidbyen og Telemarkskanalen

Kviteseidbyen er eit sjarmerande handels- og servicesenter som oser av atmosfære og hygge. Her kan du kjenne på den behagelege stemninga, enten du vandrar innom ein av kafeane eller besøker nokre av butikkene.

M/S Victoria kjem nesten dagleg innom Kviteseid Brygge om sommaren. Her finn du òg bryggekafeen, som har aktivitetar og konsertar gjennom heile sommaren (sjå arrangement her).

Morgedal. Foto: Visit Telemark
MORGEDAL: Det er ikkje rart Olav Bjaaland og Sondre Norheim fekk hug til å leike i desse bakkene? Foto: Visit Telemark

Morgedal – skisportens vogge

Morgedal er kanskje mest kjend for skisport, men er òg ein deilig sommarferiemål. Her har du eit fint utgangspunkt for fine gåturar og naturopplevingar. Eller kva med eit deilig bad i «Morgedalstjønni»?

Norsk Skieventyr byr på ein multimediareise gjennom norsk ski- og polarhistorie og ikkje minst god heimelaga mat på Museumskafeen. På Morgedal Spa & Resort finn du ein rekke fritidsaktivitetar, innandørs symjebasseng og sauna, samt à la carte-restaurant.

Vrådal. Foto: Visit Norway
BADELYKKE: Vrådal. Foto: Visit Norway

Vrådal

Vrådal ligg i knutepunktet mellom dei to innsjøane Vråvatn og Nisser. På sommaren byr Vrådal på aktivitetar for heile familien med utgangspunkt i den flotte naturen og dei moglegheitene det gir. Her kan du gå ein tur på stranda og bade eller ta deg ein tur med robåt, kano eller kajakk som kan leigast fleire stader. Ved Straand Hotell finn du «Sommarland» med mange spennande aktivitetar og eigen uteservering.

Vrådal kan og skilte med Noregs vakraste 9-hulls golfbane, samt eit lite, koselig sentrum med butikkar og «Handelslaget Cafè» med verdas beste smørbrød.

Skroll til toppen