Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

Sondre Norheim 200 år

14. juni kl 12:00 20:00

Sondre Norheim

Sondre Norheim, ofte kalla far til den moderne skisport, vart født 10. juni 1825, og laurdag 14. juni 2025 skal dagen markerast med eit variera program i Morgedal sentrum.

Start gjerne dagen med eit besøk til Øverbø, staden der Sondre vart født for 200 år sidan. Stoga står ope og frå plassen har du flott vidsyn til Morgedal.

Norsk Skieventyr har ope frå kl 10:00. Servering av tradisjonell husmannskost frå klokka 11:00.

Posten har «Minipostkontor» med jubileumsstempel og sal av samleprodukter på Norsk Skieventyr.

Program for dagen:

12.00 – Norsk Skieventyr

  • Opning av ny skisimulator v/fylkesordførar Sven Tore Løkslid
  • Posten  –  presentasjon av jubileumsfrimerke v/frimerkedirektør Halvor Fasting

14.00 – Ridebanen i Morgedal sentrum

  • Velkomen v/ordførar Tarjei Draugedal
  • Spelet «Bakkane kallar» om Rannei og Sondre v/ Hæge Manheim, Hans Jakob Sand – lokale statistar
  • «Sondre Norheim, husmann og skiløypar» – bokslepp og føredrag med Thor Gotaas
  • Musikkinslag med Symre Bang

17.00 – Morgedal Hotel

  • Jubileumsmiddag – 3 rettars meny med lokalmat – Telemarkstallerken lansert av Matrike Telemark.
  • Kr. 695,- per person.
  • Påmelding: morgedalhotel@unikehoteller.no

Programmet på dagen er gratis:-)

Velkomen!

Detaljer

Dato:
14. juni
Tid
12:00 – 20:00
Arrangement Tags:
,

Arrangør

Norsk Skieventyr
Telefon
35069080
Morgedalvegen 159
Morgedal, Telemark 3848 Norway
+ Google-kart
Skroll til toppen