Bryggefesten i Kviteseid
13. juni kl 21:00 – 14. juni kl 01:30

Laurdag 13. juni er det klart for årets bryggefest på Kviteseid Brygge. Arrangementet er ein del av Victoriafestivalen 2026.
OBS! Det er kun 400 billetter tilgjengeleg.
Musikken startar kl. 21, og headlinerane er som fylgjer:
Stuss’lige karer

Nærmere Vazelina Bilopphøggers kjæm du itte!
Stuss’lige karer består av seks karar frå Gjøvik og omland som ønskjer å halda arven etter Vazelina Bilopphøggers levande!
Den musikalske slagerparaden blir krydra med mykje humor og glimt i auget, i beste Vazelina-ånd!
Breizaas

Med artistnamnet Breizaas har Gisle Knutsen (45) frå Gvarv truffet blink med kunstig intelligens. Her får du låtane som lagar allsong, dans på bordet og kjensla av å vera på ein ekte bygdefest!
Hiv på deg cowboyhatten, boots og sving deg til lyden av Breizaas!
Oda Rose

Oda Rose er ein countryartist frå Fredrikstad. Ho er kjend frå Idol og MGP og syng ekte country på norsk! Nyleg var ho i Nashville, så kanskje tek ho også med seg country-feelingen derifrå.
