- Dette arrangement har allerede funnet sted.
Hugo drar på skattejakt – Hansen Kafé og Isbar
18. juli kl 11:30 – 12:30

Laurdag 18. juli kl. 11.30 kjem sjørøvarbjørnen Hugo til Hansen Kafé og Isbar i Kviteseid.
Fantasibamsen Hugo er blitt ein sjørøvarbjørn. No skal han ta opp jakta på dei magiske skattekistene.
Den tøffe piraten Kaptein Blåskjegg gir Hugo eit oppdrag. Han må finne dei skattekistene som lyser opp og inneheld ekte gull og diamantar.
Kor kan skattane vere? Kva veit papegøyen Polly? Kva betyr eigentleg skattejakt for Hugo? Og er det fleire overraskingar i vente?
På ei aude øy i fargane på jungelen prøver Hugo å løyse mysteriet med smarte triks, song og med god hjelp frå barna som blir med inn i eit spennande univers. Eit sjørøvarshow du ikkje vil gå glipp av, spesialdesigna for dei minste barna frå 2–8 år. Ein fartsfylt
framsyning om glede, eventyr og skattejakt. Vel møtt til alle små og store sjørøvarar!
Arrangør: Fantasiteatret
