
Bryggefestivalen: Quiz og artist Jan Thomas Moen + DJ.Pöse
18. juli kl 18:00 – 23:30
Det blir quiz og musikk ved trubadur Jan Thomas Moen og seinere hans alter ego DJ.Pöse på Kviteseid brygge fredag 18. juli fra kl. 18.00. Musikken starter ca. kl. 21.00.
Live på Kviteseid Brygge – Ein sommarkveld med Jan Thomas Moen
For aller første gong står han aleine på scena – med gitaren og ein heil haug med musikkglede! Denne sommaren kan du oppleve Jan Thomas Moen live på Kviteseid Brygge, med eit unikt og nært sett der han spelar eigne låtar, diskotek-perler og eit knippe kjende coverfavorittar.
Musikk har vore ein raud tråd i livet hans sidan han som 13-åring byrja å skrive eigne songar og spele gitar. Han har vore ein del av fleire band som Prim, Mellowdee, Modesty, Stian Collier og Rune Sanden & Diskotek, og har gjennom mange år skrive og gitt ut musikk med bandet sitt Diskotek.
No er tida inne for å stå aleine – og du er invitert til å vere med på denne musikalske reisa ved bryggekanten. Det blir ekte og rett frå hjartet.
Og når sola går ned og kvelden framleis er ung, kjem det heile til å ta ei ny vending: Då går DJ.Pöse – alter egoet til Jan Thomas Moen – på scena og held festen i gang med eit dansbart DJ-sett utover sommarkvelden.
Link til Spotify musikk Jan Thomas Moen: https://open.spotify.com/artist/6Mr9W7Jo8CqaJdPPqHV8Gl?si=fAAP3jZmS2Wr8oQZ0aajGA
Link til Spotify musikk Diskotek: https://open.spotify.com/artist/2729hoMjRp106kG49K0w3P?si=oReJfLzNQTO0mADiu1feqQ
