Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

Vrådalsdagen 2026

4. juli kl 08:00 17:00

//

Laurdag 4. juli er det klart for Vrådalsdagen 2026!

Vrådalsdagen er eit samarbeid mellom lokalt næringsliv, frivillige lag og engasjerte privatpersonar. I år blir dagen arrangert for trettande gong!
Velkommen til ein triveleg marknads- og aktivitetsdag i Vrådal sentrum laurdag 4. juli frå kl. 12.00.

Det blir som tidlegare ei rekke kjekke aktivitetar for små og store, mellom anna:
– gateløp (ny trasé i år, frå fotballbanen til sentrum)
– padlekonkurranse
– mjølkespannhalding
– ponniriding
– salsbuer
– underhaldning ved klovnen Cathrine og song ved Signe Marie Holte
– loddtrekning
– matsal


🎶 Om kvelden blir det musikk og dans på Straand Sommerland med Snipp Snapp frå kl. 20.00
(arrangør: Straand Hotel, aldersgrense 20 år)

Arrangør: Vrådal Vel, Visit Vrådal og Vrådal Idrettslag.