
Kviteseidbyen er meir enn bare ein stoppestad langs Telemarkskanalen. Vi ble med Solveig, Unni og Anne Bjørg på shopping og kos ein laurdag i juli!

– Eg trong ein litt lys sommershorts, seier Anne Bjørg Haugan fornøgd.
Me sit i Hansenhagen nedanfor den nyleg opna Kafé Hansen i Kviteseid sentrum. Her kan ein kvile seg med ein god sandwich, forfriskande limonade eller deilig kaffe medan ein kviler augo på livet ved brygga. Eit steinkast unna legg kanalbåtane til på sin ferd til og frå endestoppet Dalen.
– Dei har så mykje godt her! er dei tre enige om.

Personleg shopping hos Elizabeth Mote
Kviteseid har lenge vore eit sommarparadis for både Anne Bjørg Haugan frå Notodden, Unni Tveit frå Sandnes og niesa Solveig Loland Tveit frå Kristiansand. Her nyt dei både god mat i kaféhagen og ikkje minst shopping med personleg service hos Elizabeth Mote i det rosa jugendhuset midt i sentrum.
Me setter til livs ein sandwich kvar medan me drøser om kva som er så sjarmerande med akkurat Kviteseid.
– Det er så deilig å handle i ro og fred her! seier Unni.
Godt vareutval, lite stress og fine omgjevnader er nokre av punkta damene trekk fram som positivt!
Så går me inn i den rosa klesbutikken med den koselege atmosfæren. Unni finn kjapt att sin eigen favoritt, ein svart- og kvitstripa sommargenser!





Populær iskrem frå Italia
Drivar av Elizabeth Mote heiter Elizabeth Wisland, og i år har ho og familien gjort noko litt ekstra for å skape stemning i Kviteseid: Dei åpna ein splitter ny kafé!
Dei bestemde seg for å satsa på mellom anna italiensk iskrem (gelato), espressomaskin og eit godt utval av sandwichar, friske sommardrikkar og andre varer.
17. mai tok det heilt av, og på dei tre første dagane selde Elizabeth over hundre liter med ekte italiensk is innkjøpt frå napolitaneren Dario’s i Drammen.
– Han vart ganske forundra over at me hadde selt så mykje is i Kviteseid!
Elizabeth Wisland til Vest-Telemark Blad.
Og slik har det fortsett gjennom den varme sommaren. Elizabeth lyt berre bestille is opp att og opp att …





Konsert i hagen
Gjennom glaset frå bygningen som husar klesbutikk og kafé, høyrer vi ein silkemjuk barytonrøst. Det er den lokale artisten Vidar Magnushommen som er i gang med ein samling kjende countrysongar. Me går ut med isen og sett oss i hagen att.



Stemning ved brygga
Kviteseid er kommunesenter for om lag to og et halvt tusen innbyggjarar, men om sommaren mangedobler «folketalet» seg. Då strømmer turistane til, og utvida familiar tar turen heimom. Slik er det for både Anne Bjørg (familie i Fjågesund), Unni (svigerfamilie frå Kviteseid) og Solveig (far ++ er frå Kviteseid).
– Eg har mange gode minner frå Kviteseid! seier Solveig.
Om sommaren gjeng også Telemarkskanalen for fullt, med daglege anløp til og frå Kviteseid.
Nede ved Kviteseid Brygge er det også ein kafé i full drift. Her har drivar Malin Moen og familien hatt fullt kjør i sommar, med både quiz, konsertar, festival og matservering.
Me tek turen nedom for å sjå på bryggelivet!
PS! Nederst i artikkelen kan du også sjå ein video frå et Telemarkscruise frå Kviteseid til Dalen, med folkemusikarar om bord!






